Nasjonal transportplan 2010-2019

Del:

I dag kl 1200 la Samferdselsminister Liv Signe Navarsete fram Nasjonal transportplan 2010-2019.
De neste 10 årene skal det brukes i alt 321,9 milliarder kroner over statsbudsjettet til utbygging, drift og vedlikehold på vei- og jernbanenettet. Noe av dette kommer nok oss på to hjul til gode også.

– Dette er 100 milliardar kroner eller 45 prosent meir enn i førre Nasjonal transportplan, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete, i samband med at ho i regjeringa i dag har lagt fram Nasjonal transportplan 2010-2019

– Dette er eit stort løft for eit tryggare, meir miljøvennleg og effektivt transportsystem. Vi skal byggje og binde landet saman. Folk og næringsliv skal komme raskare og lettare fram. Midlane skal brukast på ein måte som utviklar gode lokalsamfunn og fremjar næringsutvikling og verdiskaping i alle delar av landet. Regjeringa styrkjer kollektivtransporten i dei folketette områda og aukar vegløyvingane mest i resten av landet.

– Når vi no aukar løyvingane kraftig blir det enda viktigare å bruke ressursane i sektoren mest mogeleg effektivt. Difor aukar vi vedlikehaldet, vi legg vekt på rasjonell gjennomføring av igangsette prosjekt, det skal utviklast betre og meir differensierte kontraktstrategiar, og nokre utvalde prosjekt vil bli plassert på eigen post i budsjettet. Det blir elles arbeidd med å utvikla ei heilt ny form for kontraktar der utbetringar, vedlikehald og drift av lengre strekningar skal leggjast inn i ei kontrakt.

– Vi skal setje i gang nærare 40 nye store vegprosjekt allereie i første fireårsperiode. Saman med ein stor auke i mindre utbetringstiltak vil dette gje ein heilt annan standard på store delar av riksvegnettet. Det blir ei kraftig opprusting av E6 frå nord til sør, av E16 frå aust til vest frå og av Kyststamvegen frå Stavanger til Trondheim. Vi foreslår 10 milliardar kroner til rassikring i perioden. Det skal byggjast 230 kilometer ny firefelts veg, og 350 kilometer riksveg får gul midtstripe. Det blir 500 kilometer gang- og sykkelvegar langs dei statlege vegane. Det blir ein kraftig auke av målretta tiltak for å betre tryggleiken i trafikken. Mellom anna skal det byggjast 750 kilometer nytt midtrekkverk og breie midtfelt.

– Det blir nye dobbeltspor på det sentrale Austlandsområdet og viktige utbyggingar omkring Bergen og Trondheim. Det vil gje rom for langt fleire tog, kortare reisetid og meir påliteleg togdrift. Ei storstilt utbygging av kryssingsspor langs heile jernbanenettet vil redusere reisetida og doble kapasiteten til å frakte gods med jernbanen.

– Dei regionale lufthamnene og det regionale flytilbodet er viktig for å oppretthalde sysselsetting og busetnad i alle delar av landet. Dagens lufthamnstruktur skal oppretthaldast, dersom det ikkje er eit ønskje lokalt om å leggje ned ei lufthamn, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Nasjonal transportplan 2010-2019 presenterer hovudtrekka i transportpolitikken til regjeringa, og er eit verktøy for prioritering av utbygging, drift og vedlikehald for den statlege transportinfrastrukturen.

Økonomisk ramme aukar med 100 milliardar kroner

Den årlege fordelinga av dei statlege midlane blir i gjennomsnitt slik i perioden 2010-2019:

21 188 millionar kroner til vegføremål, medrekna tilskott til drift av riksvegferjer og midlar som inngår i rammetilskott og rentekompensasjonsordning til fylkeskommunane. Dette er ein vekst på 6 139 millionar kroner eller 39 prosent, samanlikna med NTP 2006-2015.

9 214 millionar kroner til Jernbaneverket, ein vekst på 3 390 millionar kroner eller 58 prosent, samanlikna med NTP 2006-2015.

1 085 millionar kroner til Kystverket, ein vekst på 471 millionar kroner eller 77 prosent.

Regjeringa vil imøtekome lokal vilje til å bruke bompengar for å framskunde utbygging av vegnettet og utvikling av kollektivtilbodet. Ein reknar med at om lag 60 milliardar kroner i bompengar vil kome i tillegg til dei statlege økonomiske rammene, noko som gjer at den delen av riksveginvesteringane som kjem frå bompengar held seg på same nivå som i 2009.

Meir til drift og vedlikehald – og til investeringar

For åra 2010-2019 er det sett av i alt 99,5 milliardar kroner til drift og vedlikehald av infrastrukturen på veg og bane, medrekna midlar til trafikktilsyn på veg. Dette er ein auke på 21,8 milliardar kroner eller 28 prosent, samanlikna med NTP 2006-2015. Dette gjer at ein kan ta betre vare på eksisterande infrastruktur. Dette er viktig for å få ei trygg, meir påliteleg og effektiv avvikling av trafikken, og vil òg gje miljøgevinstar.

Investeringsprogrammet i Nasjonal transportplan 2010-2019 er det største løftet for utbygginga av transportinfrastruktur i moderne tid. Den samla økonomiske ramma til statlege investeringar i riksvegar (medrekna rassikring), jernbane og farleier i denne perioden er på om lag 128 milliardar kroner. Dette er ein auke på 65 milliardar kroner eller vel ei dobling samanlikna med NTP 2006-2015.

Regjeringa går inn for ei sterk satsing på store riksvegprosjekt, som vil få ein gjennomsnittleg årleg auke på om lag 2,2 milliardar kroner eller vel 80 prosent, samanlikna med NTP 2006-2015. Ein slik auke i investeringane fører mellom anna til kortare reisetid og lågare avstandskostnader for folk og næringsliv. Auken i midlar til riksvegar, medrekna rassikring, blir på om lag 38 milliardar kroner i perioden 2010 til 2019, eller vel ei dobling, samanlikna med NTP 2006-2015.

Reisetidene vil mellom bli redusert med om lag 30 35 minutt på vegstrekningane E6/E136 Oslo Ålesund, E 39 Bergen- Ålesund, riksveg 80/E6/E8 Bodø-Tromsø og E6 Oslo-Trondheim. På E16 Oslo Bergen blir vesentlege investerings- og driftsressursar sett inn for å sikre ein vinteropen stamveg mellom aust og vest. Reisetida mellom Stavanger og Trondheim på E39 blir redusert med ein time.

Jernbaneinvesteringane blir dobla i perioden 2010 -2019 samanlikna med førre NTP. Det gjev rom for fleire større utbyggingar av dobbeltspor på strekningane frå Oslo mot Lillehammer, Skien og Halden. Aller størst er prosjektet med utbygging av nytt dobbeltspor på strekninga Oslo Ski. Prosjektet er foreslått ført som eigen post i budsjettet. Det skal byggjast 144 kilometer nye banestrekningar, av dette er 116 kilometer dobbeltspor. Det blir ei dobling av kapasiteten for godstransport med jernbane, som følgje av utbygging av 45 nye kryssingsspor og utbygging av terminalar, mellom anna på Alnabru i Oslo. Med ein betre infrastruktur vil togtrafikken bli meir påliteleg.

Kilde og mer informasjon: Samferdselsdepartementet

Comments Closed