25 elevar er til no klar for eit år på Setesdal folkehøgskule i Valle frå hausten. Det er enno nokre ledige skuleplassar att.

Skulen har fortløpande opptak heilt fram til oppstart i august, og rektor Ole Birger Lien har tru på mange ivrige motorelevar når startskotet går.
Det kjem stadig inn nye søknader. No håpar me på fleire ungdomar frå Agder, og me har spesielt forventningar til motormiljøet langs kysten, seier han.

Setesdal folkehøgskule tilbyr liner i motocross, scootercross og trial. Treninga skal gå føre seg på den tidlegare NM- og EM-arenaen Åraksøyne. Elevane skal bu på internat i Valle.
I tillegg til motorsporten blir det friluftsliv, fysisk trening, alpinmoro i Brokke og alt det sosiale som høyre ein folkehøgskule til. No håpar me mange melder seg interessert, seier rektor ved Setesdal folkehøgskule, Ole Birger Lien.

Kilde: Agderposten

Foto: Rektor ved Setesdal folkehøgskule, Ole Birger Lien, og styreleiar Lene Dyrkorn, utanfor internatet i Valle, der elevane skal bu.

Skal du/sender du din ungdom hit i år?

Meld deg på vårt Nyhetsbrev

Følg oss